Minikonsert med Synne Mæland i frå The Voice

Me har sjølvsagt hanka inn Synne Mæland frå Skare, som nett deltok i The Voice. Synne tok seg heilt til duellrunden, og gjorde ein fantastisk figur der.

Synner er 25 år, oppvaksen i Skare. Ho begynte med musikk i svært ung alder, og var blant anna med i det lokale Skare bandet «Someday». Ho har også opptrådt på i rekke lokale arrangement. Synne jobber no som sjukepleier på Voss.

Synne har alltid ønska å drive med musikk på fulltid, noko som sjølvsagt krev ein del. Så får framtida vise korleis karriera hennar vil utvikle seg. Me håper i allefall at ho vil satse på musikken framover.

Uansett så får publikummet i Røldal ein god smakebit på kva ho er god for, og på marknaden vil Synne framføra låtar i ei akustisk drakt. Her kan det fort dukke opp både køntri-inspirerte songar og andre sjangarar. Me gler oss stort!

Me seg på scenen har ho gitarist Espen Skagen som skal kompa ho trygt gjennom konserten!

Synne Mæland