Bjørnis kjem til marknaden!

Brannbamsen Bjørnis kjem til årets marknad, noko me vil tru mange born vil sette stor pris på.

Info om Bjørnis:

Eg er Brannbamsen Bjørnis, og eg jobber på ein brannstasjon. Heilt siden eg var ein liten, lodden bamseunge, og så ein brannbil for første gang, har eg drøymt om å bli en brannkonstabel. Og det har eg blitt. – Brannkonstabel, og Noregs viktigste bamse! Eg er her først og fremst for for borna, men hjelper gjerne mamma, pappa, bestemor og bestefar også. 

Der det bur folk er det brannstasjoner, og der det er born er også eg. Derfor finn du meg på brannstasjoner over heile landet. Min viktigste jobb er å bli med brannbilane når dei rykker ut til branner og ulykker kor born er berørt. Eg gir trøst, omsorg og trygghet når det trengs som mest. Det gjør så utrolig godt å bli klemt av et barn som trenger meg. Sammen er vi sterkere, og sammen klarer vi oss gjennom det meste.

Utstillingane åpnar

Med totalt ca 100 utstillarar inne i telta og ute på plassen har me eit svært godt og variert tilbod av varer. Her er nåke for einkvar! Kom og gjer ein god marknadahandel hos oss!
Lista over utstillarar vert lagt ut på nettsidene ca medio mai!

Minikonsert med Solveig Skare

Me har hanka inn endå eit unikt songtalent i frå Skare!

Det er ikkje måte på kva den vesle plassen har fostra av flinke vokalistar. Solveig Skare (19) har dei siste 3 åra gått på musikklinja Voss Gymnas. Solveig vaks opp med folkemusikk, men har dei seinare åra snust på både jazz og musikalsjangeren. Etter mange opptredendar med full band og blåserekke, får me no oppleve Solveig i ei litt meire nerstrippa utgåve. Samen med gitarist Espen Skagen på komp, kan me på denne konserten forventa oss noko meire nerpå materiale i form av folk-balladar, gjerne ispedd litt jazza tonar.

Søndag 22.juni kl.14.00 står altså Solveig på scenen i teltet på Røldalsmarknaden, saman med gitarist Espen Skagen. Dette vert steinbra!

Foto: Jarle H.Moe

Røldal By Night – Nattklubb med Dj Ronny Bøe

Etter konserten med Byting vert det tendenser til nattklubb i teltet med Dj Ronny Bøe. Ronny er ein av distriktets beste dj’s som veit koss han skal få gong på crowden. Svæt få er like bra på å tilpassa seg publikummet som Ronny. I tillegg til dansbar musikk fyrer med opp med eit deilig lysshow og pøser på med røykeeffektar som kjem til å forvandla teltet til eit skikkelig fyrverkeri.

Konsert med BYTING!

Endå ein fantastisk kveld spekka med kjekke opplevingar i teltet på Røldalsmarknaden, når ingen ringare en bandet BYTING kjem til gards.

——-
Byting har virkelig gjort seg bemerka og har vore ein del av folkrockscenen i Norge siden 2013. Bandet har skapt sin egen unike og lett gjenkjennelige stil. Tekstane til frontfigur og låtskriver Thomas spegler gjenfortalte, eller selvopplevde hendingar på godt og vondt, noko som gjør låtane ærlig og rå.

Byting sin musikk har vore sentral i fleire TV serier, no seinest i serien «Rådebank»

Musikken til Byting omtalast blant anna som bygderock, folkrock eller country og har truffet eit breidt publikum. Over 50 millioner streams bekrefter bandets posisjon, og viser at ærlige og folkelige tekster, godt musikalsk håndverk og målretta arbeid gir resultater.

i 2025 kjem Byting og ut med ny musikk, så det er berre å glede seg til konsert i Røldal.

Byting er:
Thomas Hellekås, gitar og Vokal
Trygve Liahagen, feler og kor
Jonas Dyrstad Valberg, gitarer, Mandolin, banjo og kor
Eirik Ask, tangenter og kor
Sindre Bakkåker, trommer, mandolin og kor
Jørgen Haugland, bass og kor

Etter konserten vert det tendenser til nattklubb i teltet med Dj Ronny Bøe, et deilig lysshow og røykeeffektar som forvandlar teltet til eit skikkelig fyrverkeri.

Auksjonen ved Oddbjørn Lynghammer

Aldri ein marknad utan Auksjon. Auksjonen og Oddbjørn har vore med i frå den spede starten av marknaden, og er blitt eit av dei mest populære innslaga me har. Med eit fullpakka telt, masse rare salsobjekt, og ein elektrisk stemning, er dette eit av høgdepunkta som mange ser fram til. Med vår faste auksjonarius Oddbjørn Lynghammer på plass bak klubba, blir dette garantert moro.

Minikonsert med Synne Mæland i frå The Voice

Me har sjølvsagt hanka inn Synne Mæland frå Skare, som nett deltok i The Voice. Synne tok seg heilt til duellrunden, og gjorde ein fantastisk figur der.

Synner er 25 år, oppvaksen i Skare. Ho begynte med musikk i svært ung alder, og var blant anna med i det lokale Skare bandet «Someday». Ho har også opptrådt på i rekke lokale arrangement. Synne jobber no som sjukepleier på Voss.

Synne har alltid ønska å drive med musikk på fulltid, noko som sjølvsagt krev ein del. Så får framtida vise korleis karriera hennar vil utvikle seg. Me håper i allefall at ho vil satse på musikken framover.

Uansett så får publikummet i Røldal ein god smakebit på kva ho er god for, og på marknaden vil Synne framføra låtar i ei akustisk drakt. Her kan det fort dukke opp både køntri-inspirerte songar og andre sjangarar. Me gler oss stort!

Me seg på scenen har ho gitarist Espen Skagen som skal kompa ho trygt gjennom konserten!

Synne Mæland

Magi- og Trylleshow med Magikar Daniel Larsen

Daniel Larsen er absolutt ein av Noregs beste barne- og familieunderholdarar. Gjennom 30 års erfaring viser han igjen på scena, og borna kan forvente seg eit show full av humor og overraskelsar. Daniel får borna til å hyle, skrike og le av begeistring før dei igjen blir stille av forundring. Daniels varemerke er den gode kontakten han har med borna. Dette er magisk underholdning av høg kvalitet! 

Åpningskonsert ved Røldal Musikklag

Etter å ha lagt nokre år brakk, er det på nytt liv i Røldal Musikklag. Etter suksessen dei to siste åra er dei no sjølvskrevne til å åpne marknaden. Det begynner no virkelig å svinga av korpset, og me ser fram til ein skikkelig højdare av ein konsert i teltet i år.

Marknadslotteriet!

Ingen marknad utan lotteri. Me har som vanleg ein haug med flotte premiar til heldige vinnarar. Hugs at alle inntekter går tilbake til marknaden og laga som står bak, så då støttar ein ei svært god sak. Trekning i teltet søndag kl.15.30.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA