Vitenshow med «Professor Bestemor»

I Vitenshowet «Fantastiske forandringar!» prøver den artige Professor Bestemor å finne ungdomskilden. Kva sprø eksperimenter vil ho finne på for å bli ung igjen? Bli med på eit morosamt, musikalsk og forrykande show for hele familien!

Tilbake til programoversikt

Dj Loco

Dj Loco (Ronny Gjermundsen) i frå Haugesund speler før og etter konserten med E-76. Han er ein allsidig dj som fikser biffen uansett oppdrag og publikum, så her vert det tipp topp stemning og musikk som passar for anledningen.

Tilbake til programoversikt

Auksjonen ved Oddbjørn Lynghammer

Aldri ein marknad utan Auksjon. Auksjonen har vore med i frå den spede start, og er blitt eit av dei mest populære innslaga under marknaden. Med eit fullpakka telt, masse rare salsobjekt, og ein elektrisk stemning, er dette eit av høgdepunkta. Med fast auksjonarius Oddbjørn Lynghammer på plass bak klubba, blir dette garantert moro.

Tilbake til programoversikt

Foto: Marte B.Ahlsen

Magishow med Daniel Larsen

Daniel Larsen er ein av Noregs beste barne- og familieunderholdarar gjennom 30 år. Hans erfaring viser igjen på scena, og borna kan forvente seg eit show full av humor og overraskelsar.

Daniel får borna til å hyle, skrike og le av begeistring før dei igjen blir stille av forundring. Daniels varemerke er den gode kontakten han har med borna. Dette er magisk underholdning av høg kvalitet! 

Tilbake til programoversikt

Foto: Marte B.Ahlsen

Helikopterturar ved Helitrans

Helikopterturar over Røldal har vorte ein særs populær aktivitet under marknaden. Difor har me også i år booka Helitrans til å utføre slike turar. Å sjå Røldal og fjella rundt frå lufta er eit flott skue, og me vil anbefala det på det varmaste. Turane varer ca 8 minutter og kostar ca 600,- pr person. Helikpoterer lettar og landar i frå Seimsbøen., like nedanfor marknadsområdet. (Obs. Me tek atterhald om kansellering pga dårleg vær, eller at Helitrans vert beordra til å delta i krisehandtering som feks brannslukking)

Tilbake til programoversikt

Vitenverkstad for born- og unge

Fantastiske forandringer med Professor Bestemor! 

Velkommen til Professor Bestemor sitt VitenVerkstad. Her kan du ta på deg lab-frakken og lage ditt eige fargerike slim.  På verkstaden får du også utforske forskjellige tjuktflytande væsker.  Passer for born i alle aldre. Åpent heile marknaden på dagtid, og gratis for alle. Du finn verkstaden i telt på marknadsområdet.

Tilbake til programoversikt

Gregorsky Brickworld

Gregorsky Brickworld, Legobygging, utstilling og aktivitetar.

Grzegorz «Gregor» Górczyński fra Etne vart kjent i frå programmet Legomasters på TV. Her var han og kompanjongen nære ved å stikka av med sigeren i konkurransen. Etter dette har Gregor gjort Legobygging til levebrød, der han blant anna reiser rundt på arrangement som her i Røldal.

I legoteltet hans på marknaden vil du kunne både bygge lego av 1000-vis av klossar, sjå utstillingar, være med på konkurransar og mykje meire. Bli med inn i Gregor sitt univers, men det er ikkje sikkert du kjem ut av det..

Tilbake til programoversikt

Demo, kurs og utstilling av gamalt handverk – Kjiper, korger og lindebast.

Samson Øvstebø og Hege Iren Aasdal er nåken av svært få her i landet med god kunnskap om korgfletting. Dei kjem til marknaden med demo, kurs, utstilling og sal av gamalt handverk – Kjiper, korger og lindebast.

Dei vil og ka kurs i «Fletting av tradisjonelle korger av høvla furuspon«

Fururspon har tradisjonelt vore mykje brukt til korger, og spon har vore delt for hand og høvla med høvel. Sponkorger krever tettvokst og rettvokst furumaterial.  På marknaden kan du komme og lage deg ei sponkorg! Det er plass til 4 stk om gongen og me begynner kvar heile time.  Du får lage deg ei skråfletta sponkorg av høvla furuspon, og lære om materialet og utvinninga av dette. Det er berre å kontakta Hege Iren el Samson på standen rett etter inngonspartiet.

Tilbake til programoversikt