Minikonsert med Solveig Skare

Me har hanka inn endå eit unikt songtalent i frå Skare!

Det er ikkje måte på kva den vesle plassen har fostra av flinke vokalistar. Solveig Skare (19) har dei siste 3 åra gått på musikklinja Voss Gymnas. Solveig vaks opp med folkemusikk, men har dei seinare åra snust på både jazz og musikalsjangeren. Etter mange opptredendar med full band og blåserekke, får me no oppleve Solveig i ei litt meire nerstrippa utgåve. Samen med gitarist Espen Skagen på komp, kan me på denne konserten forventa oss noko meire nerpå materiale i form av folk-balladar, gjerne ispedd litt jazza tonar.

Søndag 22.juni kl.14.00 står altså Solveig på scenen i teltet på Røldalsmarknaden, saman med gitarist Espen Skagen. Dette vert steinbra!

Foto: Jarle H.Moe

Konsert med BYTING!

Endå ein fantastisk kveld spekka med kjekke opplevingar i teltet på Røldalsmarknaden, når ingen ringare en bandet BYTING kjem til gards.

——-
Byting har virkelig gjort seg bemerka og har vore ein del av folkrockscenen i Norge siden 2013. Bandet har skapt sin egen unike og lett gjenkjennelige stil. Tekstane til frontfigur og låtskriver Thomas spegler gjenfortalte, eller selvopplevde hendingar på godt og vondt, noko som gjør låtane ærlig og rå.

Byting sin musikk har vore sentral i fleire TV serier, no seinest i serien «Rådebank»

Musikken til Byting omtalast blant anna som bygderock, folkrock eller country og har truffet eit breidt publikum. Over 50 millioner streams bekrefter bandets posisjon, og viser at ærlige og folkelige tekster, godt musikalsk håndverk og målretta arbeid gir resultater.

i 2025 kjem Byting og ut med ny musikk, så det er berre å glede seg til konsert i Røldal.

Byting er:
Thomas Hellekås, gitar og Vokal
Trygve Liahagen, feler og kor
Jonas Dyrstad Valberg, gitarer, Mandolin, banjo og kor
Eirik Ask, tangenter og kor
Sindre Bakkåker, trommer, mandolin og kor
Jørgen Haugland, bass og kor

Etter konserten vert det tendenser til nattklubb i teltet med Dj Ronny Bøe, et deilig lysshow og røykeeffektar som forvandlar teltet til eit skikkelig fyrverkeri.

Minikonsert med Synne Mæland i frå The Voice

Me har sjølvsagt hanka inn Synne Mæland frå Skare, som nett deltok i The Voice. Synne tok seg heilt til duellrunden, og gjorde ein fantastisk figur der.

Synner er 25 år, oppvaksen i Skare. Ho begynte med musikk i svært ung alder, og var blant anna med i det lokale Skare bandet «Someday». Ho har også opptrådt på i rekke lokale arrangement. Synne jobber no som sjukepleier på Voss.

Synne har alltid ønska å drive med musikk på fulltid, noko som sjølvsagt krev ein del. Så får framtida vise korleis karriera hennar vil utvikle seg. Me håper i allefall at ho vil satse på musikken framover.

Uansett så får publikummet i Røldal ein god smakebit på kva ho er god for, og på marknaden vil Synne framføra låtar i ei akustisk drakt. Her kan det fort dukke opp både køntri-inspirerte songar og andre sjangarar. Me gler oss stort!

Me seg på scenen har ho gitarist Espen Skagen som skal kompa ho trygt gjennom konserten!

Synne Mæland