Magishow med Daniel Larsen

Daniel Larsen er ein av Noregs absolutt beste barne- og familieunderholdarar. Han har vore magikar i 30 år og showa til Daniel er fulle av humor og overraskingar som får born og vaksne til å hyle av begeistring og forundring. Daniels store varemerke er hans evne til å oppnå ein heilt spesiell kontakt med publikum. Det er berre å hake av i kalenderen for flotte magiske augeblikk i teltet, laurdag 24.juni, kl. 13.00 og sundag 25.juni kl.13.00

Gregorsky BrickWorld 

Gregor frå Legomasters kjem til marknaden med tonnevis av legoklossar, aktivitetar, byggging og konkurransar. Du finn han på biblioteket på skulen.

Aktivitetspark for born- og unge

LM Baptista frå Karmøy kjem med kjekke aktivitetar for born- og unge. Bumberbilar, Bumperbåtar, Vatnsylindar med meire. Gratis!