Utstillingane åpnar

Med totalt ca 100 utstillarar inne i telta og ute på plassen har me eit svært godt og variert tilbod av varer. Her er nåke for einkvar! Kom og gjer ein god marknadahandel hos oss!
Lista over utstillarar vert lagt ut på nettsidene ca medio mai!

Åpningskonsert ved Røldal Musikklag

Etter å ha lagt nokre år brakk, er det på nytt liv i Røldal Musikklag. Etter suksessen dei to siste åra er dei no sjølvskrevne til å åpne marknaden. Det begynner no virkelig å svinga av korpset, og me ser fram til ein skikkelig højdare av ein konsert i teltet i år.

NAF Hardanger

NAF Hardanger stiller med aktivitetar, veltepetter, promillebriller, samt bilbane for dei minste.

Ansiktsmåling

Aud Reidun Solberg har vore fast inventar på marknaden i mange år. Med si sminkebakgrunn i frå teater og scene på Stord, lagar ho dei vakraste målingar du kan tenke deg. Du finn ho på standen sin på marknadsområdet. Betaling pr ansikt

Aktivitetsleverandør LM Baptista

Aktivitetsleverandør LM Baptista i frå Karmøy kjem sjølvsagt til årets marknad, slik han har gjort dei siste åra. Dette er kanonkjekke aktivitetar for alle born- og unge. Bumperballs, båtar, vatnsylindarar, og bilar. Alt inkl i inngongsbillett!

Gregorzky Brickworld

Gregor, kjent i frå Legomasters på TV, kjem også i år til marknaden med tonnevis av legoklossar, aktivitetar, byggging og konkurransar. Du finn han i telt på marknadsplassen.

Ballongmagi med Daniel Larsen

Daniel er ikkje berre flink å trylle, men han er ein meister på å laga ballongfigurar og. Daniel går rundt på marknadsplassen å lagar ballongfigurar samen med borna og du får bli med å lage om du vil!

Magishow med Daniel Larsen

Daniel Larsen er ein av Noregs beste barne- og familieunderholdarar gjennom 30 år. Hans erfaring viser igjen på scena, og borna kan forvente seg eit show full av humor og overraskelsar.

Daniel får borna til å hyle, skrike og le av begeistring før dei igjen blir stille av forundring. Daniels varemerke er den gode kontakten han har med borna. Dette er magisk underholdning av høg kvalitet! 

Tilbake til programoversikt

Foto: Marte B.Ahlsen