Marknadslotteriet!

Ingen marknad utan lotteri. Me har som vanleg ein haug med flotte premiar til heldige vinnarar. Hugs at alle inntekter går tilbake til marknaden og laga som står bak. Så ein støttar ein god sak. Trekning i teltet søndag kl.15.30.

Språkmoro med Linda Eide og Sjur Hjeltnes

Under parolen «Språk er sjov!» gyv Linda Eide laus på språklege fenomen, kuriositetar og historiar. Ho hyllar og herjar med vår språklege kvardag, og byr inn til språkleg påfyll i ein hyggeleg og eksamensfri atmosfære. Med seg har ho pianist Sjur Hjeltnes, som sørgjer for musikalsk og verbal backing av ypparste slag.

Facinerande språkhistoriar, ord og uttrykk, hykleriske feilsetningar, songar me trudde me song, lokale dialektprøvar, elegant engelskdissing, ein hyllest til Kjartan Fløgstad, og endå meir. Alt saman med god musikk, god stemning og eit evig bankande hjarte for blokkfløytta!

Etter showet vert det konsert, dans, fest og fanteri med bandet FYK

Kjøp billettar her!