Kåring av årets stand

Kvart år kårar ein jury «Årets stand». Juryen har lagt vekt på desse punktene:

  • Synsinntrykk
  • Innhald / utstilling / varepresentasjon
  • Produktkvalitet
  • Kundebehandling

    Vinnar i 2023 var Kristin Paulsen, som då vann heder og ære, samt gratis standplass i 2024.

    Tilbake til programoversikt

Auksjonen ved Oddbjørn Lynghammer

Aldri ein marknad utan Auksjon. Auksjonen har vore med i frå den spede start, og er blitt eit av dei mest populære innslaga under marknaden. Med eit fullpakka telt, masse rare salsobjekt, og ein elektrisk stemning, er dette eit av høgdepunkta. Med fast auksjonarius Oddbjørn Lynghammer på plass bak klubba, blir dette garantert moro.

Tilbake til programoversikt

Foto: Marte B.Ahlsen

Magishow med Daniel Larsen

Daniel Larsen er ein av Noregs beste barne- og familieunderholdarar gjennom 30 år. Hans erfaring viser igjen på scena, og borna kan forvente seg eit show full av humor og overraskelsar.

Daniel får borna til å hyle, skrike og le av begeistring før dei igjen blir stille av forundring. Daniels varemerke er den gode kontakten han har med borna. Dette er magisk underholdning av høg kvalitet! 

Tilbake til programoversikt

Foto: Marte B.Ahlsen