Minikonsert med Røldal Musikklag

Korpset i Røldal har dei siste åra vore «pop-up-korps» til 17. mai og jul, men frå hausten 2022 vart dei meir aktive. Under koronaen reiste dei rundt i Røldal på 17.mai og spela for bygda! I år får du sjå dei på Røldalsmarknaden og! 

Pr. dags dato er dei 10-15 aktive musikarar, men er stadig på jakt etter fleire. Så har du eit brennande ynskje om å utvikla din indre musikarar, er du hjarteleg velkommen til å bli ein av dei! Dei har øving kvar veke, og hadde tidlegare samarbeidsseminar med Suldalskorpsa, med påfølgjande konsert siste dagen.

I teltet, lørdag kl.11.30

Avslutningskonsert med Hilde Selvikvåg m/Band

Me avslutter den 30.ande marknaden med ingen ringare en Hilde Selvikvåg. Den folkekjære artisten og utruleg dyktige låtsnekkaren i frå Jæren opptrer på scenen i teltet, søndag 25.juni, kl.16.00. Til marknaden kjem Hilde med bandet sitt, og me kan garantera ei feiande flott musikalsk oppleving. (Inkludert i inngongsbiletten til marknaden)

Les meire om Hilde her!

Belgtøttene speler på marknadsplassen

Belgtøttene kan vel seiast å ha blitt ein gjengangar på Røldalsmarknaden. Me synes dei passar svært godt inn her hos oss, og så skapar dei ei fantastisk stemning rundt på marknadsplassen med sine friske toradartonar. Belgtøttene frå Vindaafjord har holdt på sidan 2001, og er still going strong. No har dei til og med gitt ut egen cd med masse flotte melodiar. Ikkje umuleg at den kan kjøpast når dei speler på marknaden frå kl.12.00 søndag.

Konsert og fest med E-76

E-76 var ein gong eit viktig stykke riksveg av vekslande kvalitet gjennom Telemark. I dag er vegen renummerert til E-134 , men bandet som i si tid tok namnet sitt etter vegen, heiter stadig E-76. I frodige bygder som Edland, Haukeli og Vinje i Øvre Telemark finns det nemlig sauebønder, gravemaskinkjørarar, vaktmeistarar geiteavlsekspertar og læraar som er henfalne til musikk i all den fritida dei kan klare å skaffe seg på si, og utøver hobbyen sin kollektivt i band. Derfor eksisterer E-76 i beste velgåande. Og sangene handler om dei nære tinga – om fest og slåssing, om utfordringar i små bygdesamfunn og primærnæring, om livet slik det var før og nå. Me tipper det vert god gang i teltet. Etter konserten speler Dj Ronny Bøe.

E-76 2023 er:
Edvin Loftsgarden – sang, gitar
Nils Ole Lien – sang, gitar
Oddbjørn Aase – sang, trekkspill, key 
Kristian Sundsvalen – gitar
Oddmund Vågslid – trommer
Bjørn Edmund Fosstveit –  bass

Billettar her!

Auksjon i teltet ved Oddbjørn Lynghammer

Ingen marknad utan auksjonen til Oddbjørn. Auksjonen har vore med sidan den spede start, og nesten blitt eit varemerke for marknaden. Her får du kjøpt og bydd på det du ikkje trudde du hadde bruk for, og det heile brukar å utarte seg til ein svært så triveleg og sosial seanse i teltet. I år får me også eit par artige innslag ved magikar Daniel Larsen som kan lura fanden på veggen. Servering i teltet frå kl.15.00. Showstart kl.16.00

Magishow med Daniel Larsen

Daniel Larsen er ein av Noregs absolutt beste barne- og familieunderholdarar. Han har vore magikar i 30 år og showa til Daniel er fulle av humor og overraskingar som får born og vaksne til å hyle av begeistring og forundring. Daniels store varemerke er hans evne til å oppnå ein heilt spesiell kontakt med publikum. Det er berre å hake av i kalenderen for flotte magiske augeblikk i teltet, laurdag 24.juni, kl. 13.00 og sundag 25.juni kl.13.00

Offisiell opning av Røldalsmarknaden 2023!

Røldalsmarknaden i nyare tid så dagens ljos i 1992. Me feirer i år den 30.ande Røldalsmarknaden, og kva er vel då meire naturleg en å invitera gjenlevande medlemmer i styret frå den gong, til å opna årets marknad. Det var tross alt dei som starta det heile. Styret i 1992 bestod av Gunvor Øvregård, Dagny Seim, Oddbjørn Lynghammar, Torbjørg Ekkje, Borgny Hagen, Geir Veland, Vivian Fosse og Olav G.Saltvold.

Helikopterturar med Helitrans!

Få deg ei luftig oppleving over Røldal med Helitrans. Me garanterer deg ein fantastisk tur med fugleperspektiv og kitling i magen. Har du ikkje prøvd dette før anbefaler me det på det sterkaste. Nok 600,- pr tur, ca 8 minutter. Betales til piloten. Helikopteret lettar og landar i frå Seimsbøen rett nedanfor marknadsområdet (Obs værforbehold)