Me har hanka inn endå eit unikt songtalent i frå Skare!
Det er ikkje måte på kva den vesle plassen har fostra av flinke vokalistar. Solveig Skare (19) har dei siste 3 åra gått på musikklinja Voss Gymnas. Solveig vaks opp med folkemusikk, men har dei seinare åra snust på både jazz og musikalsjangeren. Etter mange opptredendar med full band og blåserekke, får me no oppleve Solveig i ei litt meire nerstrippa utgåve. Samen med gitarist Espen Skagen på komp, kan me på denne konserten forventa oss noko meire nerpå materiale i form av folk-balladar, gjerne ispedd litt jazza tonar.
Søndag 22.juni kl.14.00 står altså Solveig på scenen i teltet på Røldalsmarknaden, saman med gitarist Espen Skagen. Dette vert steinbra!

Foto: Jarle H.Moe