Auksjonen ved Oddbjørn Lynghammer

Aldri ein marknad utan Auksjon. Auksjonen og Oddbjørn har vore med i frå den spede starten av marknaden, og er blitt eit av dei mest populære innslaga me har. Med eit fullpakka telt, masse rare salsobjekt, og ein elektrisk stemning, er dette eit av høgdepunkta som mange ser fram til. Med vår faste auksjonarius Oddbjørn Lynghammer på plass bak klubba, blir dette garantert moro.