Gullgutane vart starta av Doris Bratland i 1998. Tanken var då berre eit mannskor-innslag på ein bygdekveld på Nesflaten. Men dette var så moro at dei bestemte seg for å halda fram. Då var det berre songarar frå Øvre Suldal med. I dag er me omlag 30 medlemmer frå heile Suldal, ja, til og med røldøler er med!
Nils Bjarne Vold har vore dirigent for koret frå starten av. Han har gjennnom desse åra hatt med seg dugande spelefolk. I mange år var Magnus Solbakken ein trufast medhjelpar. No er det Veerle Tieghem og Kristin Sandvik som trakterer tangentane.
Gullgutane likar best å syngja på norsk, sjølv om dei også har nokre få songar med utenlandsk tekst på repertoaret. Dei har hatt fleire store prosjekt som «Bautasteinar» (Jakob Sande-tekstar), «Stjerna frå aust» (Julekonsert med russiske folketonar), «Frå Sjösala til Suldal» (Evert Taube songar omskrivne til lokal handling), «Jenter + Gutar = Sant» (Gamle skulesongar og slagerar i lag med jentegruppa Tindra), «Farvel du moder Norge» (syngjespel om utvandringa til Amerika) og no sist «Køntri på vår måte«
Me gler oss stort til å høyre desse staute og sjarmerande karane på scena i teltet, sundsgs 23.juni kl.14.00