Ballongmagi med Daniel Larsen

Daniel er ikkje berre flink å trylle, men han er ein meister på å laga ballongfigurar og. Daniel går rundt på marknadsplassen å lagar ballongfigurar samen med borna og du får bli med å lage om du vil!

Strikkhopp utskyting!

Me har i år fått på plass ein svært så spanande sak til Røldalsmarknaden, i form av ein Bungee Jump Ejection. Likar du eit adrenalinkick, er dette garantert noko du bør prøve. Eit luftig og intenst svev frå bakken og opp i lufta får nok blodet til å brusa. Nok 150,- pr.hopp.

Brygging ved Dalabrygg

Dalabrygg er tilbake på Røldalsmarknaden etter nokre års pause. Desse karane frå Skare har årelang erfaring i å brygge øl. Her kan du fort plukke opp nokre tips på brygging, og du får oppleve koking, lått og løye i Grindverksbygget dei held til i på marknadsplassen. Tilbake til programoversikt

Vitenshow med «Professor Bestemor»

I Vitenshowet «Fantastiske forandringar!» prøver den artige Professor Bestemor å finne ungdomskilden. Kva sprø eksperimenter vil ho finne på for å bli ung igjen? Bli med på eit morosamt, musikalsk og forrykande show for hele familien! Tilbake til programoversikt

Dj Loco

Dj Loco (Ronny Gjermundsen) i frå Haugesund speler før og etter konserten med E-76. Han er ein allsidig dj som fikser biffen uansett oppdrag og publikum, så her vert det tipp topp stemning og musikk som passar for anledningen. Tilbake til programoversikt

Åpningskonsert med Røldal Musikklag

Etter å ha lagt nokre år brakk, er det på nytt liv i Røldal Musikklag. Etter suksessen på fjorårets marknad er gjengen i musikklaget klare for åpninkskonsert på Røldalsmarknaden 2024. Tilbake til programoversikt

Magishow med Daniel Larsen

Daniel Larsen er ein av Noregs beste barne- og familieunderholdarar gjennom 30 år. Hans erfaring viser igjen på scena, og borna kan forvente seg eit show full av humor og overraskelsar. Daniel får borna til å hyle, skrike og le av begeistring før dei igjen blir stille av forundring. Daniels varemerke er den gode kontakten …