Demo gamalt handverk – Korgfletting og Kjipebinding

Samson Øvstebø og Hege Iren Aasdal held salsutsilling og demo på korgfletting, kjipebinding, tauverk mm. Dette er handverk som går mange hundre år tilbake i tid. I tillegg kan du melde deg på kurs i «Lindebast» (Søndag 25.juni kl.12.00-14.30) Pris på kurset er nok 400,- Påmelding til post@roldalsmarknaden.no – Begrensa plassar, så første mann til mølla. Handverkarane held til i telt på marknadsplassen.

Marknadslotteriet!

Ingen marknad utan lotteri. Me har som vanleg ein haug med flotte premiar til heldige vinnarar. Hugs at alle inntekter går tilbake til marknaden og laga som står bak. Så ein støttar ein god sak. Trekning i teltet søndag kl.15.30.